Siv ing Kjell Gurigard AS

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

 

 

Offentlege støtteordningar

 

Vurdering av alternative energiløysingar inkluderer oftast ei økonomisk analyse. Som ein del av finansiering kan bidrag frå offentlege støtteordningar inngå.

 

Dei statlige organa Enova og Innovasjon Norge tilbyr ulike støtteordningar for omlegging av energibruken:

 

Innovasjon Norge organiserer støtte til bioenergiprosjekt gjennom Bioenergiprogrammet. Hovedmålgruppa for programmet er bønder og skogeigarar som ynsker å selgje biobrensel eller varme basert på biobrensel. Les om Bioenergiprogrammet her.

 

Enova SF forvaltar Energifondet og organiserer sitt arbeid gjennom ulike program. Enova inviterer til å søkje om økonomisk støtte til ulike type prosjekt.

 

Prosjekt som blir støtta, må representere varig produksjon av ny fornybar energi eller redusert energibruk, (størrelse > 0,5 GWh/år). Enova sine program er stadig under utvikling og endring. Det er difor viktig å sjekke oppdatert informasjon under Enova sine program her.

 

 

 

 

 

 

 

Siv ing Kjell Gurigard AS 
Mob: 90520861 • E-post: kjell@gurigard.com

www.gurigard.com